Seglbåt med jente

Publikumsanlegget i Ausevik

I juni 2009 opna publikumsanlegget i Ausevik slik at helleristningsfeltet no er godt tilrettelagd for alle som vil besøke feltet. Det er laga ny veg og parkeringsplass, flott sanitærbygg, vegar og stiar fram til feltet. Og det er bygt ein publikumsrampe der folk kjem tett innpå og får sjå dei mange bergbileta samstundes som trafikken blir styrt slik at ingen går på berget og figurane slik at dei kjem  til skade. Det er sett opp informative opplysningskilt m.a. med skilt langs rampen som òg viser ein del av figurane og prøver å tolke kva figurane kan bety og set dei inn i ein historiske samanheng. Det er blitt eit flott anlegg som vil auke opplevingane av helleristningane og setje fantasien i sving, både hos små og store. Anlegget er tilpassa universell utforming.

Informasjonsbrosjyre om Ausevik

Helleristningsfeltet vil i prinsippet kunne besøkast heile året, men i vintersesongen (ca oktober-april) vil mesteparten av feltet vere tildekte med matter, som ein del av konserveringa og som ein måte å ta betre vare på feltet.

Det er Bergen Museum som har det faglege ansvaret for konserveringsarbeidet.

Sanitærbygget er ope dagleg i perioden 22. juni til 24. august. 
For meir informasjon: Flora turistkontor tlf. 57 74 30 00 eller Flora kommune telefon 57 75 60 00.
 

 ausevik bru  500  300[ 1]
 Publikumsanlegget til ca 7 millionar er finansiert og gjennomført i eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylke og Flora Kommune.