Ytteroyane

Rapport frå tilsyn ved Florø barneskole

Flora kommune har mottatt endeleg rapport frå Fylkesmannen etter tilsyn ved Florø barneskole.

I den foreløpige rapporten varsla Fylkesmannen 16 moglege avvik. Etter at Flora kommune innga tilsvar har Fylkesmannen - etter ny gjennomgang av saka - redusert talet avvik frå 16 til 4.

Rådmannen vil saman med Florø barneskole gå nøye igjennom tilsynsrapporten. Både rådmannen og skulen ser positivt på tilsynet som ein reiskap til å skape ein god og trygg skule for alle elevar, både ved ved Florø barneskole og dei andre skulane i kommunen. - Vi tek soleis Fylkesmannen sin rapport på alvor, seier rådmann Knut Broberg. 

- Kommunen har fått frist til 1. november med å lukke dei 4 avvika som står tilbake. Vi skal bruke tida etter sommaren til å lage ein plan slik at dette kan gjerast innan fristen, og på ein god måte for elevane. Ingen skal være i tvil om at både rektor ved Florø barneskole og Flora kommune som skuleeigar ynskjer å lage ein skule for barna som er så god som mogleg. Det skal være både trygt og kjekt å være elev ved Florø barneskole. 

Fylkesmannen skal presentere rapporten for kommunen sitt kontrollutval første del av september. Rådmannen håpar samtidig å kunne gjere greie for kommunen sin plan for lukking av avvika. 

Meir informasjon:
Endeleg tilsynsrapport frå Fylkesmannen
Informasjonsskriv til elevar og føresette