Seglbåt med jente

Regionsamling for organisasjonseigde kulturbygg i Flora kommune (Huset i bygda)

Gjennom prosjektet ”Huset i bygda” skal vi løfte fram og styrke dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane, slik at dei vert hus for framtida. Kulturbygga skal bli styrka som sosial møtestad, som arena for utøving av kulturaktivitetar og andre aktivitetar for positiv utvikling av lokalsamfunnet.

Gjennom prosjektet vil vi gje dei som eig og driv kulturbygg nye verktøy og ny glød i arbeidet med å skape framtidsretta kulturbygg. Dette vil skape auka kulturaktivitet og samhald i bygdene. I dag er det få, utanom huseigarane, som kjenner eit overordna ansvar for ungdomshusa, bygdahusa, samfunnshusa, grendahusa og andre organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. 

”Huset i bygda” er eit nyskapande, dristig og samfunnsbyggjande prosjekt, og er eit vesentleg og nødvendig bidrag i utviklinga av mange bygdesamfunn.

Hovudmål 

”HUSET I BYGDA – ein kulturarena der du bur -” skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Ungdomslag står bak 
prosjektet som starta i 2009.

REGIONSAMLING FOR ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG I FLORA KOMMUNE
BRANDSØY GRENDAHUS,
TYSDAG 10.JUNI KL 17.00 – 19.30

Ynskjer du å styrke ditt lokale kulturbygg? 
Då er denne samlinga noko for deg.

  • Om ”Huset i bygda” (Ingunn Nyheim, Prosjektleiar for ”Huset i bygda”)
  • Kort om deltakarane sine hus/aktivitet (Deltakarane)
  • Aktivitet og økonomi. Tilskotsordningar (Ingunn Nyheim)
  • Kartlegging av kulturarenaer i Flora kommune (Margit Drivenes Kløvfjell, Kultur – og idrettskonsulent)
  • Marknadsføring og synleggjering av bygg og aktivitet (Ingunn Nyheim)

Spørsmål, innspel og kommentarar tek vi undervegs.
Det vert enkel servering. Kveldssamlinga er GRATIS.

Målgruppe: Alle som er med å driftar eit organisasjonseigd kulturbygg ; grendahus, ungdomshus, samfunnshus, bygdahus, bedehus, lagshus, m.m.

”Huset i bygda” ynskjer å registrere kulturbygga i Flora kommune i ein nettbasert husdatabase. Vi set stor pris på om de sender foto/info (sjå vedlegg) av kulturbygget dykkar på epost, eller tek dette med på samlinga! 

PÅMELDING INNAN TORSDAG 05. JUNI

Send epost til: husetibygda@ungdomslag.no eller send sms/ring til mobil 97 40 36 99. (Hugs å skriv namn på deltakar, namn på lag/hus og epost)

Heimesida til prosjektet Huset i bygda finn du her.