hamnebasseng langt

Reguleringsplan til offentleg ettersyn for Haukå, gbnr 15/1 mfl, næring/akvakultur

 Eventuelle merknader/innspel kan sendast Flora kommune innan 25. oktober 2019Forstørrelsesglass ført over kart/reguleringsplan

Privat detaljreguleringsplan for Haukå, gbnr 15/1 mfl, næring/akvakultur, planid 20190104

Plan og Samfunnsutvalet har i saknr 025/19 godkjent at framlegg til Privat detaljreguleringsplan for Haukå, gbnr 15/1 mfl, næring/akvakultur, planid 20190104 vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i Plan-og bygningslova § 12-10.

Hovudformålet med planarbeid er tilrettelegging for bygging av RAS-anlegg «Recirculating Aquaculture Systems», eit smoltanlegg (laks) der vatn i anlegget i stor grad vert resirkulert. Eit RAS-anlegg reduserer vassforbruket med inntil 95 %, noko som vil gjere anlegget framtidsretta og meir miljøvennleg og berekraftig. Planen inkluderer også areal for veg ved anlegget som må leggast om i samband med tiltaket, samt planlagt båthus i tilknyting til garden. Eit mindre areal i sjø er inkludert for å vurdere behov for sikring av tilflot. Det totale planområdet vil utgjere ca. 30 daa.

Saksframlegg - Privat detaljreguleringsplan PDF document ODT document
Haukå - revidert planomtale
Plankart Haukå
Føresegner PDF document ODT document
Vedlegg:
Rådgivende biologer

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn  på Informasjon og service, Flora samfunnshus i tidsrommet 13.09.- 25.10.2019.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk-høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6900 FLORØ, eller via epost til postmottak@flora.kommune.no, innan 25.10.2019.