Ytteroyane

Reguleringsplan til offentleg ettersyn, Fugleskjærskaia kollektivterminal

Eventuelle merknader/innspel skal sendast til:

Flora kommune
Plan og Samfunn
Markegata 51
6900 FLORØ

eller til postmottak@flora.kommune.no, innan 18.08.2014. Du kan også sende elektronisk høyringsuttale her, merk innspelet med arkivsaknr. 12/1825.

DETALJREGULERINGSPLAN -  FUGLESKJÆRSKAIA KOLLEKTIVTERMINAL, PLANID: 20130109

Plan- og miljøutvalet har i møte 17.06.2014 godkjent at framlegg til detalreguleringsplan – Fugleskjærskaia Kollektivterminal, planid 20120107, sist datert 10.06.2014, vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med PBL § 12-09, 12-10, 12-11.

Flora hamn KF har utarbeidd detaljreguleringsplan for Fugleskjærskaia med bakgrunn i plankrav sett i kommuneplanen for område  IN1 Kollektivknutepunkt. Planen omfattar også eksisterande kai H1 Hamn. I samband med at det no er utarbeidd grunnlag for totalentreprise for kollektivterminal og eit terminalbygg i fem etasjar er forslaget til reguleringsplan tilpassa aktuell utbygging i 1. byggetrinn og framtidig mogeleg bygningsmasse for lager med mogeleg kontor i 2. etasje i området aust for terminalbygget.

Planframlegget er tilgjengeleg for offentleg gjennomsyn på Informasjon- og Service (Tenestetorget), Samfunnshuset, og på vår nettstad i tidsrommet 23.06.2014 til 18.08.2014. 

Saksdokument:

Eventuelle merknader/innspel skal sendast til:

Flora kommune
Plan og Samfunn
Markegata 51
6900 FLORØ

eller til postmottak@flora.kommune.no, innan 18.08.2014. Du kan også sende elektronisk høyringsuttale her, merk innspelet med arkivsaknr. 12/1825.