Ytteroyane

Reguleringsplanar til offentleg ettersyn

Forstørrelsesglass ført over kart/reguleringsplanEventuelle merknadar/innspel skal sendast til:

Flora kommune
Plan og Samfunn
Markegata 51
6900 Florø eller til
postmottak@flora.kommune.no innan 15.11.2013

Framlegg til detaljreguleringsplan bustader/næring, gbnr 18/7 Brandsøy. PlanID 20090105.

Plan- og miljøutvalet har i sak 031/13 gjort vedtak om at forslag til detaljreguleringsplan for del av gbnr. 18/7 i Brandsøy skal leggast ut til offentleg ettersyn. Planframlegget er  i hovudtrekk i samsvar med kommunedelplan for Florelandet/Brandsøy unnateke eit areal på 1,5 dekar vest for den kommunale vegen. I planframlegget er dette arealet disponert til næringsverksemd. Resten av arealet på eigedomen er avsett til bustadføremål i samsvar med kommunedelplanen.

Vedtak
Føresegner
Plankart
Planomtale

Framlegg til detaljreguleringsplan, del av gbnr 53/10, Hovland, Eikefjord. PlanID 20100107.

Plan- og miljøutvalet har i sak 058/12 gjort vedtak om at forslag til detaljreguleringsplan for del av gbnr. 53/10 i Eikefjord skal leggast ut til offentleg ettersyn. Planframlegget er  i samsvar med kommunedelplan for Eikefjord. Intensjonen med planframlegget er primært å avsette tomtar til bustader i sørhellinga mot Fylkesvegen, slik arealet er disponert til i gjeldande kommunedelplan.

Vedtak
Føresegner
Plankart
Planomtale
Vegprofil

Framlegg til områdereguleringsplan for Sørstrand/-Austvik. PlanID 20100109.

Plan- og miljøutvalet har i sakene 015/13 og 021/13 gjort vedtak om at forslag til områdeplanen for Sørstrand/Austvik skal leggast ut til offentleg ettersyn. Planframlegget er  i samsvar med kommunedelplan for Florelandet/Brandsøy. Intensjonen med planen er primært å tilrettelegge for fritidsaktivitetar på Sørstrand, og dessutan integrere utbygde område på Austvik i reguleringsplan i samsvar med arealbruken i kommunedelplanen.

Vedtak
Føresegner
Plankart
Planomtale
Vedtak, endring av veg p-plass

Planframlegga er tilgjengeleg for offentleg gjennomsyn på Informasjon- og Service (Tenestetorget), Samfunnshuset, og på våre internettsider i tidsrommet 03.10.2013 til 15.11.2013. Eventuelle merknadar/innspel skal sendast til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6900 FLORØ, eller til postmottak@flora.kommune.no, innan 15.11.2013.