hamnebasseng langt

Rehabilitering ved Furuhaugane omsorgsenter, kortidsavdelinga

Målgruppe:

  • Hvis du etter utskriving  frå sjukehus har behov for opptrening 
  • Om du bur heime og har behov for å bygge opp funksjonsevna di - og heimen din ikkje egnar seg til opptrening

Korleis søkje opphald:

  • Henvisning kan sendast kommunen fra sjukehuset før du vert utskriven
  • Fastlege kan henvise
  • Har du heimeteneste kan dei bistå med søknad
  • Søke sjølv ved å bruke skjema
  • Ta kontakt med tildelingsnemda på telefon 57 75 65 00

Eit rehabiliteringsopphald:

  • Er eit tidsavgrensa opphald med klare, realistiske målsetningar
  • Det vert  planlagt eit samarbeidsmøte etter kort tid for avklaring av forventningar og målsettingar
  • Er ei tverrfaglig opptrening i daglige funksjonar for at du igjen skal mestre kvardagen
  • Fordrar at du er aktivt medvirkande, deltakande og viser eigeninnsats
  • Eigenandel under opphaldet finn du i vårt gebyrregulativ

Personalet tilknytta avdelinga er tverrfaglig samansatt:

  • Med faggruppene fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar og aktivitør. Fastlegen har det medisinske ansvaret under opphaldet
  • Du får oppretta ei tverrfaglig ansvarsgruppe med primærkontakter innan faggruppene
  • Det vert laga ein tverrfaglig plan for opptreninga, med fastlagte avtaler i løpet av veka. Det er ingen organisert trening i helgane- men husk ALL aktivitet er trening!
  • Det er interne møter mellom faggruppene kvar veke for å vurdere framgang, målsettinger og eventuelle endringar i plan

Før heimreise:

  • Vert det gjort nødvendig kartlegging av busituasjon
  • Vert det gjort ei tverrfaglig vurdering av nødvendig tenestetilbod og hjelpemidlar
  • Vert det  samarbeidsmøte som eventuelt inkluderer heimesjukepleie og saksbehandler for planlegging av vidare tenestetilbod