Skulestart

Røystebåt, institusjons- og ambulerande røysting i veke 36

valglogo_gull_nynorsk

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 11. september, kan du førehandsrøyste i den kommunen som høver best for deg.

I veke 36, torsdag 07. september, kjem røystebåten til øyane i Flora. Ruta ser slik ut:

  • Årebrot kai: 09.00 - 10.00
  • Barekstad: 10.15 - 11.15
  • Batalden: 11.30 - 12.30
  • Skorpa: 12.45 - 13.45
  • Rognaldsvåg: 14.00 - 15.00
  • Askrova: 15.15 - 16.15
  • Svanøy: 16.30 - 17.30

Ta med legitimasjon!

Røysting på institusjonar

  • Furuhaugane omsorgssenter, 04. september kl. 10.00 - 11.30.
  • Flora omsorgssenter, 04. september kl. 12.00 - 13.30.
  • Docen, 05. september kl. 10.00  - 11.00.
  • Havrenesvegen 28 (omsorgsbustader), 05. september, 11.30 - 12.30.

Ambulerandre røystemottak

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp å røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime.

Du kan ringe til valstyret sin sekretær på telefon 57 75 62 09 eller sende skriftleg søknad til:

Flora kommune
Valstyret
Markegata 51
6900 Florø

Søknaden må være valstyret i hende innan onsdag 6. september.