hamnebasseng langt

Samvære med born under offentleg omsorg

Har du barn i fosterheim eller på institusjon, har du rett til samvær med mindre noko anna er vedteke ved lov.

Tenesteomtale

Når born er i fosterheim eller på institusjon, har born og foreldre rett til samvære med kvarandre dersom ikkje anna er bestemt. Sjølv om foreldra ikkje maktar å ha omsorga, kan det vere verdifullt for barnet å ha kontakt med sin biologiske familie. Barnevernet kan bestemme at andre enn foreldra òg skal ha rett til samvære.

Målgruppe

Foreldre og i meir spesielle situasjonar òg besteforeldre, sysken, onklar/tanter eller nære venner av barnet.

Pris for tenesta


Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar


Lover

Se spesielt barnevernloven § 4-19 - samværsrett. Skjult adresse

Barnevernloven

Saksbehandling

Den kommunale barnevernstenesta utarbeider forslag til vedtak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda er eit domstolsliknande organ og blir leia av ein jurist. Nemnda er elles samansett av sakkunnige og lekfolk.

Tjenesten oppdatert: 13.12.2019 11:18