Ytteroyane

Seksjonering

Søknad om Krav om oppdeling i eigarseksjonar/reseksjonering.

Avgjerast av:  
Kontor for Kart og oppmåling.

Framgangsmåte:         

Informasjon og service informerer og viser til Kart og oppmåling.

Etter sjekk av at begjæringa (”Begjæring om oppdeling i eigarseksjonar/reseksjonering”)
m/vedlegg er i orden (tre eksemplar av alt og ikkje kopiar av original), sender ein ut faktura for
saksbehandlingsgebyr og tinglysingsgebyr.
For utfylling av sjølve begjæringa sjå noter i skjema side tre.

Søknaden må innehalde:
  • Skjema Begjæring om oppdeling i eigarseksjonar/reseksjonering
  • Situasjonskart (alle bygningar inklusiv garasje) med seksjonsnummer på kvar bygning med kvar sin farge og ulik skravering
  • Kart som syner oppdeling av ikkje utbygd del av tomta, med farge og tilhøyrande seksjonsnummer. Denne oppdeling utgjer ikkje ein eigentleg grense mellom seksjonane, men berre ein bruksmessig fordeling av ubebygd tomteareal. Ein spesifikk fysisk avgrensing får ein berre gjennom ein oppmålingsforretning, sjå også sakstypen “Oppmåling av uteareal til eigarseksjon” under Oppmåling.
  • Målebrev for tomta
  • Planteikningar for alle bygningar (inklusiv garasje, dersom det er ønskje om seksjonering). Kvar seksjon må ha seksjonsnummer, farge, ulik skravering, tydeleg avgrensing og opplysning om bruk (stove, toalett, kjøkken, soverom, bod osv.)
  • Vedtekter for sameiget, påført namn og underskrifter for alle i sameiget.

Andre vilkår for seksjonering/reseksjonering:
  • Seksjoneringa skal som hovudregel berre omfatte eit bruksnummer.
  • Seksjoneringa skal omfatte alle brukseiningane (alle bygningar) på eigedomen.
  • For planlagt bygning må byggjeløyve ligge føre.
For eksisterande bygning må brukseiningane vere ferdig utbygd.
Kva seksjon skal brukast til (bustad/næring) skal vere i samsvar med gjeldande arealplanformål (bustad, industri, service, landbruk osv.).

I visse tilfelle kan kommunen nekte seksjoneringsløyve. (Dersom eigedomen vert omfatta av utbetringsprogram, er regulert til fornyingsområde eller mellombels forbod etter plan og bygningsloven).

I andre høve skal kommunen nekte seksjoneringsløyve (Dersom vilkåra i §6 ikkje er oppfylt, begjæringa ikkje er i samsvar med §7 eller faktura ikkje blir betalt innan fristen).
 
Dersom det rekvirerast oppmåling av uteareal til eigarseksjon, gjerast dette på eiget skjema, sjå her.
 
 
Sakshandsaming tek vanlegvis ei til fire veker.
Gebyr for seksjonering/reseksjonering (3 ell.
5 x rettsgebyr). I tillegg kommer tinglysingsgebyr (1,8 x rettsgebyr) og eventuelt gebyr for oppmåling av uteareal (tilleggsdel i grunn), sjå gebyrregulativ pkt. 3.1.3. Aktuelle rettsgebyr finner du her.

Søknadsskjema og link til aktuell Lov/forskrifter: 
Begjæring om oppdeling i eigarseksjonar/reseksjonering

Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven) og tilhøyrande forskrifter.
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)
Rundskriv H-3/98