Skulestart

Sentrumsplanen på 2. gongs høyring

Plan- og samfunnsutvalet har i sak 031/18 vedtatt å legge «Kommunedelplan for Florø sentrum 2018-2022» (sentrumsplanen) ut på 2. gongs offentleg høyring. Planforslaget blir med dette lagt ut på høyring i samsvar med Plan- og bygningslova § 11-14, med unntak av område OP2 jf. pbl § 11-16. 

Gjeldane sentrumsplan frå 2012 hadde behov for nokre endringar, som gjorde til at det politisk vart bestemt å revidere planen. Hovudtrekka i endringane har vore: Stadfesting av innfartsvegen til Florø (RV 5/Markegata), lokalisering av ny fullskala fotballhall, betre grunnlag for både å sikre bevaring av det kulturhistoriske bysentrum kombinert med å tillate fornying og utvikling, endring i parkeringskrav, endring i føremål og føresegner for fortetting/byggehøgder/leikeareal, opne for torgfunksjonar i Torggata, legge betre til rette for gjennomføring av tiltak i KDP Sykkel og legge betre til rette for handel og næring.

Sentrumsplanen vart lagt ut på seks vekers offentleg høyring frå 17.04.18 til 29.05.18. I høyringsperioden har det kome fråsegner frå følgande sektorstyresmakter: Fylkesmannen, Fylkeskommunen, NVE og Fiskeridirektoratet. Det har også kome fleire gode tilrådingar som i stor grad er fulgt opp.

Høyringsfristen er frå 03.07.2018 til 31.08.2018. Innspel kan sendast på epost til postmottak@flora.kommune.no eller per post til Markegata 51, 6905 Florø, innan 31.08.2018.

Plandokument

Vedlegg