Båtar i hamna

Serviceskyss

Firda Billag Buss AS organiserer ordninga med serviceskyss, og tilbodet er utforma av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med kommunane. 

Hovudmålet med ordninga er å finne løysingar som aukar mobiliteten til dei eldre og dei med funksjonshemming, men serviceskyssordninga er open for alle.

Brukarane vert henta heime og transportert til sentrum eller annan samlingsplass der dei har ulike velferdstilbod innan kommunen. 

Tinging av rute

Brukarane må sjølv tinge transport på kvardagen før transporten skal utførast. Serviceskysset må altså tingast dagen før innan kl. 15:00 på tlf. 57 72 50 25.

Betaling er kr. 25,- per veg.

Rutene

Torsdag: Sandvik-Steinhovden-Eikefjord 
Fredag: Steindal-Svardal-Eikefjord
Fredag: Sunndalen-Norddal-Florø