Seglbåt med jente

Skada vilt/fallvilt

Kommunen har eit særskilt ansvar for ivaretaking av  hjortevilt som er skadd etter påkøyringar. Dette betyr at ein ofte må ettersøke og avlive hjort som er skadd etter påkøyringar. Alle personar har elles eit ansvar for å hjelpe sjuke og skadde dyr.

Dyrevernsnemda/Mattilsynet har ansvaret for ivaretaking av anna skadde/sjuke husdyr og vilt.

Melding om påkøyring av hjortevilt skal gjerast til Politiet på tlf 02800 eller 57 75 88 00.
Ettersøk og avliving av påkøyrd/skadd hjortevilt ta kontakt med Eikefjord ettersøksring vakttelefon 41 53 61 37 eller Flora kommune v/ Jan Osa telefon 57 75 60 00 /48031173.

Melding om fallvilt av freda artar skal gjevast kommunen v/ Plan og samfunn, telefon 57 75 60 00.

Skrotten av freda dyr/fuglar skal og leverast kommunen.
Dei som ynskjer å behalde freda artar til utstopping kan søkje om dette gjennom autorisert preparant t.d Landøy prep. - 57 74 02 85.

Melding om klage på  husdyr- og dyrehald skal gjevast Mattilsynet på telefon 57 83 38 00 eller 06040.

Ein del freda artar kan fritt behaldast for utstopping. Fagleiar skog og vilt har liste over desse, telefon 57 75 60 00.