Båtar på hamna

Skatteliste - Eigedomsskatt 2019

Etter bystyret sitt vedtak av 19. desember 2017 om utskriving av eigedomsskatt for 2019, og med heimel i eigedomsskattelova §15, vert eigedomsskatteliste lagt ut til offentleg gjennomsyn i 3 veker, frå torsdag 1. mars 2019. Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards- og bruks nummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelista er også lagt ut på Informasjon og service, Markegata 51.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan 6 veker.

Eigedomsskattekontoret har adresse: Flora Kommune, Eigedomsskattekontor, Markegata 51, 6905 FLORØ.

Skattelister