Skulestart Florø barneskole

Skogbruk

Informasjon/rettleiing
Henvendingar om skogbruk skal rettast til : skogmeisteren eller Informasjon og service.

Tlf 57 75 60 00

Lovforvaltning
Forvaltninga er i hovudsak knytt til Skogbrukslova med tilhøyrande forskrifter.

Landbruksvegar
Før det vert sett i gong arbeid med nybygging eller opprusting av vegar til landbruksføremål skal det innhentast løyve frå kommunen. Kommunen forvaltar og tilskotsordningar til skogsvegar.

Skogkultur
Kommunen gjev rettleiing i spørsmål knytt til planlegging og utføring av skogkulturarbeid. Kommunen forvaltar og tilskotsordningar til skogkultur. Tilskotssatsane vert fastsett kvart år.

Tilskot til drift i vanskeleg terreng
Til skogsdrift i vanskeleg terreng der driftskostnadane er særskild høge kan det gjevast tilskot i frå midlane avsett til bygdeutvikling (BU midlar).

Spørsmål om tilskotsordninga og søknad skal gjerast til kommunen