Båtar i havnebassenget

Søk kulturmidlar for 2017

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søke på kulturmidlar innan 6.mars.

Kultur- og oppvekstutvalet vedtok i 2014 nye reglar for kulturmidlane. Der heiter det at "ved tildelinga av midlane vil godt gjennomarbeidde kultur- og idrettsprosjekt og prosjekt med fokus på barn- og unge bli prioriterte framfor driftstilskot. Nyskaping og gjerne samarbeid på tvers av organisasjonar vil bli tillagt vekt, saman med dei generelle retningslinjene for tildeling av tilskot." 

Det er òg øyremerka tilskot til tverrkulturelle tiltak.