Seglbåt med jente
Idrett og friluftsliv

Søk om spelemidlar no!

No er det tid for å søke om tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv. Søknadsfrist: 1. september.

Søknadsskjema er elektronisk, sjå; www.idrettsanlegg.no

Søkar til tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv (spelemidlar) har ansvar for å sette seg inn i føresegner omkring ordninga. For oppdaterte føresegner er det viktig å følgje med på www.idrettsanlegg.no. Det kjem nye føresegner kvart år. 

Vi gjer også merksam på at søkar har ansvar for å levere inn godkjend søknad innan fristen. Søkarar som allereie har søkt om midlar, må fornye sine søknadar og oppdatere innhaldet i søknaden kvart år. Søknadar som er sendt inn etter frist blir ikkje vurdert. Ettersending av dokumentasjon skjer berre etter avtale med sakshandsamar.

Ansvar for sakshandsaming av tilskotsordningar for spelemidlar til idretts- og friluftsanlegg, planarbeid for idrett og friluftsliv og kontakt med lag og organisasjonar:
Kultur- og idrettskonsulent Margit Drivenes Kløvfjell, tlf. 57 75 60 47 / 47 70 30 02
e-post: margitdrivenes.klovfjell@flora.kommune.no