Båtar i hamna

Søk tilskot for å motverke barnefattigdom i Flora!

Lag og organisasjonar kan søkje. Søknadsfrist er 08. desember 2017.

Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom som er omfatta av fattigdomsproblem. Dette inkluderar også deira familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

Målet med tilskotsordninga til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre sjansane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha lave eller ingen kostnadar.

Les meir om den nasjonale tilskotsordninga her.