Båtar i hamna

Søk tilskot til kulturbygg

Hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune kan du søkje tilskot til kulturbygg. Tilskotsordninga skal bidra til egna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift. Søknadar om tilskot frå ordninga skal sendast inn elektronisk og via kommunen der lokale ligg.

Les meir om ordninga hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune sine sider.