Ytterøyane fyr

Søk treningstider i Florahallen og Fleirbrukshallen i Eikefjord

Treningstider i Florahallen og fleirbrukshallen i Eikefjord blir fordelt ein gong i året. Søknadsfrist for treningstider haust og vår er kvart år i mai.

Utlysing av treningstider skjer gjennom heimeside og Firdaposten. Dei som søker treningstid vil bli invitert til eit fordelingsmøte. 

I 2017 er søknadsfristen sett til 12. mai. Det blir fordelingsmøte måndag 29. mai kl 19:00 i Florahallen.

Følgjande prinsipp leggast til grunn for fordeling:

  • Barn og unge får prioritet i kjernetida mellom 17:00 og 20:00
  • Aktiviteten skal vere knytt til fysisk aktivitet, og av ein slik art at dei ikkje kan vere i andre lokaler.
  • Lag og organisasjonen som har ein "heimehall", anna hovudarena, eller liknande, har prioritert trening i kjernetida i desse lokalitetane. 
  • Kommunen legg til grunn at lag og organisasjonar søker om leige av treningsareal som passar til den aktiviteten som skal utøvast. Dersom treningstide, evt treningsareal ikkje blir nytta regelmessig forbeholder kommunnen seg retten til å inndra tida, evt areal for fordeling til andre. 

Ved leige av hall og særskilde arrangement, eller spørsmål, ta kontakt med kultur- og idrettskonsulent Margit Drivenes Kløvfjell, på e-post i god tid før arrangementet.