Seglbåt med jente

Om opptak i barnehage

Flora kommune har ansvar for å oppfylle retten til barnehageplass til barn under opplæringspliktig alder som er busett i kommunen.

Kommunen oppfyller retten til barnehageplass på følgjande måtar:

  1. Barnet får oppfylt første ønsket sitt om barnehageplass
  2. Barnet får oppfylt andre ønsket sitt om barnehageplass
  3. Barnet får eit tilbod om ein anna barnehage, men som likevel er i samsvar med barnehagelova §12.a

Opptaksprosessen er samordna for alle godkjende barnehagar i kommunen (i følgje Lov om barnehagar § 12 og forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage).

Tildeling av barnehageplassar vert gjort som einskildvedtak.

Kven har rett til barnehageplass?

Frå 1. august 2017, har barn som fyller 1 år innan november det året det vert søkt om plass, rett til plass i løpet av den månaden barnet fyller 1 år. 

Det er ein føresetnad at:
* Det er søkt om barnehageplass i samband med hovudinntaket
* Barnet er busett (har bustadadresse) i kommunen det året det vert søkt om barnehageplass

Hovudinntak
Vi gjennomfører eitt hovudinntak til ledige barnehageplassar kvart år.
Du søkjer elektronisk om barnehageplass. Dette vil vere klart innan 5. mars 2019. 
Om du treng hjelp til å søkje/tilgang til datamaskin, ta kontakt med Informasjon og service på tlf. 57 75 60 00.
Søknadsfrist til hovudinntaket er fastsett til den 15. februar kvart år. Dette vert også kunngjort i lokalavisa.

Søknad om barnehageplass utanom hovudinntak
Du kan søkje om barnehageplass utanom ordinært hovudinntak. Ved søknad om barnehageplass til andre tider enn til ordinært hovudinntak, har ikkje søkjar rett til barnehageplass før ved neste års hovudinntak.

Dette vil også gjelde for:

  • Barn som flyttar til kommunen etter tidspunkt for oppstart i barnehage (august)
  • Barn som ikkje ønskjer plass ved første aktuelle hovudinntak
  • Barn som har takka nei til tildelt barnehageplass
  • Barn som seier opp barnehageplassen sin

Barn som søkjer barnehageplass utanom ordinært hovudinntak, vert tildelt barnehageplass i dei barnehagane som har ledige plassar. Dei som ikkje får plass frå ønska tidspunkt vert sett på ei prioritert venteliste, og får tildelt plass når det vert plass ledig.

Prioritet ved opptak etter barnehagelova §13
Barn med nedsett funksjonsevne, og barn som har vedtak etter lov om barnevernstenesta §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak i barnehage.
Dokumentasjon i form av sakkunnig vurdering og vedtak frå barnevernstenesta skal ligge ved søknad om barnehageplass. (Sjå også vedtekter for barnehagane i Flora § 6.1)

Barn med rett til prioritet ved opptak i barnehage, vil ha fortrinnsrett til barnehageplass uavhengig av hovudinntak.

Søknadsskjema til barnehageplass
Det skal nyttast eit felles elektronisk søknadsskjema for alle barnehagane i kommunen. Dokumentasjon som evt må ligge ved søknaden sender du til Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.

Tilbod om barnehageplass
Barnehageplass tildelt etter 1. mars 2019, vert tildelt elektronisk. For å svare på tilbod om barnehageplass må føresette logge seg inn slik som ved søknad om barnehageplass. Ha difor klar MinID eller annan påloggingsinformasjon.

Helseerklæring for barnet 
Før barnet startar i barnehage skal det leggast fram erklæring om barnet si helse (Barnehagelova § 23). Skjema for helseerklæring er å finne under sjølvbetening, skjema. Skjema skal leverast utfylt til den barnehagen der barnet skal begynne. 

Ved stadfesting av barnehageplass
Når barnehageplassen er stadfesta, vil foreldre motta ytterlegare informasjon om start og tilvenning frå barnehagen. Alle foreldre vert invitert til "oppstartssamtale" i barnehagen. Foreldra må planlegge å følgje barnet i barnehagen dei første dagane. 

Barnehageruta
Start av nytt barnehageår er samordna med start av nytt skuleår, og er lagt til rundt 15. -  20. august. Du finn nærare opplysningar om barnehagestart og planleggingsdagar i barnehageruta.

Vedtekter for dei kommunale barnehagane
I Vedtekter for barnehagane i Flora, finn du fleire opplysningar som Flora bystyre har vedtatt skal gjelde for kommunale barnehagar :

  • Lov og regelverk
  • Ansvar for forvaltning
  • Opptakskriteria for inntak
  • Opptaksområde
  • Opphaldstider
  • Oppseiing av barnehageplass
  • Netto leikeareal

Informasjon om barnehagane
Du finn meir informasjon om kvar barnehage under menyen til venstre, - Alle barnehagar.

Søkjarar vil få meir informasjon om søknadsprosedyre og barnehagetilbodet ved å vende seg til barnehagane, Flora kommune Informasjon og service, eller Kvalitet- og utviklingsavdelinga.