Seglbåt med jente

Søknadsfrist for kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg

Ny frist et sett til 1.mars 2016, men allereie no kan de levere inn søknadar om kompensasjon for handsaming i 2015. Denne ordninga er rammestyrt, dvs at tildeling av kompensasjon føreset bevilling frå Stortinget. Dersom bevillinga ikkje rekk til full kompensasjon, vil den prosentvise avkortinga vere lik for alle godkjende søknadar.

Merk også følgjande tre punkt:

  • Ordninga gjeld anlegg der byggearbeida er igangsatt etter 1. januar 2010.
  • Ordninga omfattar alle som søker om spelemidlar og oppfyller vilkåra for å motta spelemidlar gjennom Kulturdepartementets tilskotsordningar for bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, med unntak av kommunar/fylkeskommunar og kommunale føretak. Spelemiddelsøknaden må vere i formell orden før søknad om kompensasjon kan innvilgast.
  • Anlegget må vere ferdigstilt før det kan søkjast om kompensasjon. Rekneskapsskjema og revisorrapport skal inngå som vedlegg til søknaden og må sendast innan søknadsfristen.

Her finn du søknadsskjema og meir informasjon om ordninga: www.lottstift.no

Bestemmelser om kompensasjon av meirverdiavgift.