Seglebåt med jente

Sommarles: Populær lesekampanje for barn

1. juni starta den digitale lesekampanjen Sommarles. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese i sommarferien. Flora folkebibliotek er eitt av biblioteka som inviterer alle barn i 1.-7. klasse til å bli med. Nesten 60.000 barn frå heile landet deltok i fjor.

Flora folkebibliotek deltok på  Sommarles også i 2017. Då registrerte mange barn i Flora lesinga si på nettsida sommarles.no, og vi merkar allereie at fleire kjem og spør om når kampanjen skal i gang, seier biblioteksjef Eli Eidsvik ved Flora folkebibliotek.  

Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får poeng for kvar lesne side. For å feire innsatsen vert lesekampanjen avslutta med ein eigen Sommarles-fest på biblioteket  i september.

– Det er sjølvsagt mogleg å vere med for dei som vil lese, men ikkje vil opprette profil på nett. Det er berre å føre ein leselogg og levere på biblioteket, så hjelper vi med å registrere, seier Eidsvik.

Sommarles gjer det moro å lese!

  • Sommarles får ein tilgang til på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får poeng for kvar lesne side.
  • Sommarles er for barn i 1. - 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august. Barn som skal begynne i 1. klasse kan også delta.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der ein får løyse oppgåver knytte til forteljinga.
  • I tillegg til poeng, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket.
  • Sommarles er utvikla av Vestfoldbiblioteka, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS.
  • Sommarles blir i 2018 leia av Telemark fylkesbibliotek, Finnmark fylkesbibliotek og Snuti ANS.

http://sommarles.no/

Kontaktperson: Eli Eidsvik eller Hanne Ulveseter Svendsen​, tlf. 577 56 055.