Båtar på hamna

Spyling av Eikefjord og Florø vassverk

EIKEFJORD VASSVERK – SPYLING AV VASSFORSYNINGSNETT

Det vert føreteke utspyling av vassforsyningsnettet i Eikefjord frå måndag 16.09.2019 om kvelden til onsdag 18.09.2019 om morgonen.

Utspylinga vil føregå kvar kveld frå kl. 23.00 og utover natta mot neste morgon. Som følgje av spylinga kan vatnet verte noko ureint (grumset).

Ved evt. registrering av ureint vatn bør ein om mogleg unngå tapping av varmtvatn, samt tappe kaldtvatn frå lågaste tappepunkt til ein registrerer reint vatn att.


FLORØ VASSVERK – SPYLING AV VASSFORSYNINGSNETT

Det vert føreteke utspyling av vassforsyningsnettet vestafor Gaddevågen/Kanalen frå tysdag 17.09.2019 om kvelden til fredag 20.09.2019 om morgonen.

Utspylinga vil føregå kvar kveld frå om lag kl. 23.00 og utover natta mot neste morgon. Som følgje av spylinga kan vatnet verte noko ureint (grumset).

Ved evt. registrering av ureint vatn bør ein om mogleg unngå tapping av varmtvatn, samt tappe kaldtvatn frå lågaste tappepunkt til ein registrerer reint vatn att.