Skulestart

Spyling av vassforsyningsnett i Eikefjord

Det vert føreteke utspyling av vassforsyningsnettet i Eikefjord i perioden frå torsdag kveld 14.06.2018 til fredag morgon 15.06.2018.

Utspylinga vil gå føre seg frå om lag kl. 24.00 og utover natta mot neste morgon. Som følgje av spylinga kan vatnet verte noko ureint (grumset).

Ved evt. registrering av ureint vatn bør ein om mogleg unngå tapping av varmtvatn, samt tappe kaldt vatn frå lågaste tappepunkt til ein registrerer reint vatn att.

Under spyling må det brukast minst mogleg vatn og vatning er forbode i tidsrommet spyling pågår.