Skulestart Florø barneskole

Står du i manntalet?

Dersom du ikkje står oppført i manntalet kan du ikkje røyste ved stortingsvalet den 9. september 2013. Manntalstlistene for Flora kommune vert lagde ut frå i dag til og med den 9. september.

For å undersøkje om du står i manntalet kan du ta kontakt med Informasjon og service på tlf. 57 75 60 00 eller ta ein tur innom for å sjå gjennom listene.

Har du flytta, og melding om flytting ikkje er motteken i Folkeregisteret innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller førehandsrøyste i kva som helst kommune i Noreg.

Tid og stad for førehandsrøysting vert kunngjort særskilt.

Dersom du meiner at du sjølv eller andre urett er innført eller utelaten frå manntalet kan du kreve at valstyret rettar opp feilen. Krav om retting gjeld i høve feil, ikkje flyttingar etter 30. juni 2013. Krav om rettingar skal vere grunngjevne skriftleg og sendast til:

Valstyret i Flora kommune
v/ Ester Frøyen
Markegata 51
6900 Florø