Seglbåt med jente

Statens naturskadeerstatning - erstatning for skader som ikkje vert dekka av privat forsikring

Den offentlege naturskadeordninga kan erstatte skader som direkte skuldast ei naturulykke som f.eks. flaum, storm, stormflod og skred. Ordninga omfattar skader der det ikkje er mogleg å teikne privat forsikring. Erstatninga dekker reparasjon, og ikkje forbetring eller sikring mot ny skade.

Kven kan søkje?

  • Private grunneigarar
  • Tomtefestere
  • Andre med rettigheter til privat eiendom

Kva må eg gjere?

  • Dokumenter skaden så raskt som mogleg – ta bileter
  • Dokumenter kva det vil koste å reparere skaden
  • Send søknad innan tre månader etter skaden

Kvar kan eg søkje og finne meir informasjon?
Du søkjer digitalt ved å gå inn på www.naturskadeordningen.no.
Her finn du informasjon om korleis du søkjer, og kva du må vite før du sender søknad.

Kva skjer når eg har søkt?  
Det er Landbruksdirektoratet som handsamar søknaden din. Du får svar fra oss når søknaden er handsama – som regel skjer det innan tre månader. Du får pengar inn på konto når dei får dokumentasjon som syner at skaden er reparert.