hamnebasseng langt

Still lister til Ungommens bystyre!

Plakat, Ungdommens bystyre val 2016
Bli med i Ungdommens bystyre 2016 - 2018!

Den 29. september gjennomfører vi igjen val til Ungdommens bystyre (UB). Valperioden for siste UB er nettopp avslutta, og det var ein aktiv periode med stor aktivitet og dyktige ungdomspolitikarar. 

No vil vi gjerne ha lister frå dei politiske ungdomsorganisasjonane slik at dei blir godt representert i det nye UB. Vi håpar "vaksenpartia" vil hjelpe til og motivere ungdomsorganisasjonane til å stille liste. Send lista til postmottak@flora.kommune.no og til edvin.helgheim@flora.kommune.no - innan 23. september! Lista må ha minst 4 namn.

Du som blir vald inn får eit todagars opplæringsseminar. Kva får du elles:

  • Du blir med og bestemmer!
  • Du tar opp saker som er viktige for ungdom
  • Du deler ut pengar og kulturpris
  • Du kan arrangere konsertar
  • Det er lærerikt, interessant og sosialt!

Slik lagar vi listene til valet på UB

Til UB kan vi stemme på skulelister og frie lister

  • Skulelista: Du kan stille deg på den felles skulelista – ein eller fleire frå kvar klasse kan melde seg, men dersom lista blir veldig stor, kan det bli aktuelt å avgrense til maks 2 frå kvar klasse. Listene blir sette opp med elevar frå dei yngste klassane først, og så går ein oppover.

    På valdagen stemmer elevane på lista frå sin skule. Set kryss for den/dei du gjerne vil skal komme inn. Ikkje lurt å setje kryss på (nesten) alle – då får du liten innverknad på valresultaet. Det same gjeld om du leverer inn blank liste.
     
  • Du kan vere med på å stille frie lister, t.d. politiske lister, men og heilt frie lister som "Haffen-lista", "Musikk-lista" osv. Dei som er sette opp på lista, må ha sagt ja til å stå på lista.

    Det må vere minst 4 namn på lista. Du kan ikkje stå på både ei skuleliste og ei fri liste, du må velje kva liste du skal stå på. 
     
  • Lever inn listene seinast ei veke før valet (2016: Innan 23. september)
     
  • Kven kan stille på lista? Ungdom som er eller blir 13 til 19 år valåret og som er busette eller er hybelbuarar i kommunen, har stemmerett og kan veljast. Dei som er valde, sit i bystyret i 2 år.