Båtar på hamna

Støtte til bedrifter

Tenesteomtale

Kommunen kan hjelpe lokalt næringsliv på fleire måtar:
  • Næringsnettverk
  • Næringsklyngje
  • Råd og rettleiing for etablerere
  • Kommunalt/regionalt næringsfond.
Næringsfonda gir stønad til næringar i eit lokalsamfunn. Stønaden kan <OMSKRIV:gis> til:
  • utvikling og investeringar i noverande bedrifter
  • etablering av bedrifter
  • kompetanseheving og miljø for relevant arbeidskraft
  • visse typar næringar
  • stønad til transport i distrikta
  • stønad til daglegvarebutikkar i distrikta
Det er ikkje alle kommunar som har kommunale/regionale næringsfond. Og det vil variere hos dei einskilde næringsfonda kva stønaden går til.
 
Ta kontakt med din kommune for å høyre meir om kva slags ordningar den kan hjelpe deg med.
 
Søk på regionalforvaltning.no for å sjå om din kommune har stønadordningar som passar bedrifta di.
 
Er du i oppstartsfasen, sjekk ut desse nettsidene:

 

Målgruppe


Kriterium/vilkår


Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Når du skal søkje om stønad frå portalen regionalforvalting.no. må du alltid ha med desse opplysingane:

Opplysingar om søkjar
a) namn og organisasjonsnummer til den ansvarlege prosjekteigaren.
b) den som er kontaktperson.
 
Økonomi
c) Kva tilskotssum det blir søkt om.
d) Budsjett med ein finansieringsplan.
e) Om søkjar på søknadstidspunktet har motteke annan offentleg stønad det inneverande året og dei to siste rekneskapsåra, jf. reglane om offentleg stønad. Bagatellmessig stønad utgjer 200 000 euro fordelt over tre samanhengande rekneskapsår.
 
Omtale av tiltaket og forventa resultat
f) Tiltaket du søkjer om tilskot til, medrekna mål og målgruppe.
g) Framdriftsplanen for aktivitetar.
h) Organiseringa av tiltaket, medrekna eventuelle samarbeidspartnarar og kva rollar dei skal ha.
i) Om tiltaket har forankring i kommunale eller fylkeskommunale planar.
j) Resultatene søkjer forventar å oppnå ved avslutninga av tiltaket.
k) Forventa, langsiktige effektar av tiltaket etter at det er avslutta. Dette gjeld berre for tilskot på minimum 500 000 kroner etter § 1a.
 
I tillegg skal søknaden opplyse om andre forhold som søkjaren bør forstå er viktig for vurdering av søknaden

Vedlegg


Saksbehandling

Alle søknader til næringsfond blir behandla gjennom portalen regionalforvalting.no. Løyving av tilskot eller avslag på tilskotssøknad er enkeltvedtak. Kommunen skal behandle søknaden så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samtidig få opplyst når ein meiner at vedtaket kan fattast.

Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen opprettheld avgjerda, blir saka send vidare til kommunen si eiga klagenemnd, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 14.10.2019 14:01