Skulestart Florø barneskole

Bryt isolasjonen med støttekontakt

Ein støttekontakt kan vere det nokre brukarar treng for å snu ein aukande isolasjon og kome attende til livet.

Støttekontaktar eller treningskontaktar er det alltid behov for i omsorgsapparatet til kommunen. Ein slik støttekontakt er eit tilbod til einskildpersonar som har trong til bistand for å bryte sosial isolasjon, bevare og trene på sosiale ferdiheiter og for å oppretthalde interesser. Med støttekontakt vil ein medverke til å auke livskvaliteten til brukaren gjennom tilgang til samvær med andre menneske.

For å bli støttekontakt/treningskontakt må ein levere underskriven søknad av søkjar eller andre med skriftleg fullmakt. Vanlegvis er det ønskjeleg med eit aktivitetsnivå for ein støttekontakt med minimum to timar per 14 dagar.