Båtar i havnebassenget

Stortingsvalet 2017 – tidlegrøysting frå 01. juli

Print
Stortingsvalg 2017

Veljarar som oppheld seg innanriks og som ikkje kan røyste i perioden for ordinær førehandsrøysting (10. august – 08. september), eller på valtinget, kan tidlegrøyste frå 01. juli fram til førehandsrøystinga startar den 10. august.

Du kan i denne perioden tidlegrøyste i kva som helst kommune i landet. Røyster til andre kommunar vert vidaresendt til valstyret i din kommune fortløpande.

Tidlegrøysting i Flora kommune

Lokale for tidlegrøysting i Flora vert ved Informasjon og service, Markegata 51. Det vert mogleg å tidlegrøyste her frå og med måndag 03. juli, i opningstida 09:00 – 15:00. Hugs legitimasjon.

I denne perioden får veljarar røyste ved å nytte ein generell stemmesetel som berre inneheld namn på alle dei registrerte politiske partia. 

Det er ikkje alle partia som stillar til val i alle fylke.