hamnebasseng langt

Svangerskapsomsorg

Svangerskapsomsorga er ein del av den førebyggande helsetenesta i kommunen.

Svangerskapsomsorga gjev tilbod om støtte og rettleiing i den endringsprosessen svangerskapet er. Målet er å bidra med informasjon og råd slik at det blir lettare for deg og din familie å ta vare på eiga helse.

Når du har fått stadfesta graviditeten, får du tilbod om kontrollprogram med kontrollar både hos jordmor og lege. Du må sjølv kontakte helsestasjonen for å bestille time hos jordmor (tlf. 5774 0004).

Ved fyrste kontroll vert «Helsekort for gravide» fylt ut. Dette skjemaet og urinprøve må du alltid ta med til kontrollane. Når du skal til jordmor treng du ikkje gå på laboratoriet først. 

Har du spørsmål eller bekymringar undervegs, kan du ta kontakt med jordmor.

Alle svangerskapskontrollar hos jordmor eller lege er gratis.

Ultralyd

I svangerskapsveke 18 - 20 kan du få gjort ultralyd om du vil. Ultralydundersøking kan stadfeste termindato, sjå korleis morkaka ligg, sjå antall foster og vurdere fosteret sin anatomi og utvikling. Ta med "Helsekortet".

Ultralyd vert gjort ved poliklinikk for gravide ved Førde FSS.

Svangerskapsgrupper på dagtid

Jordmor gjev tilbod om foreldreførebuande kurs til 1. gongs gravide.

Heimebesøk

Etter fødsel kan du få besøk av jordmor 1 - 3 døgn etter heimkomst. Ta kontakt på vakttelefonen (416 35 117).

Omvisning på fødeavdelinga

Kvar onsdag kl. 19:00 er det omvising på fødeavdelinga på Sentralsjukehuset i Førde. Du må ta kontakt med fødeavdelinga på førehand for å gjere avtale, tlf. nr. 57 83 92 37 / 57 83 92 33.

Vaktberedskap for jordmødre

Jordmødrene i Flora har vaktteneste heile døgnet, også i helger.  Telefon: 416 35 117.

Jordmor har vaktberedskap for rettleiing, undersøking og eventuelt følgje til fødeavdelinga.

Følgjeteneste til sjukehus

Dersom jordmor meiner det er trong for det vil ho følge med i ambulansen til sjukehuset i Førde.