Båtar på hamna

Sykle til jobben 2018

Plakat -sykle til jobben 2018
Sykle til jobben 2018

"Sykle til jobben"-aksjonen er ein tradisjonsrik aksjon som får deg og dine vener i form! I dag opnar påmeldinga for kampanjen som startar 19. april i år, og varar til 17. juni.

"Sykle til jobben" er ein konkurranse der alle er stjerner og din jobb er å bevege deg mest mogleg, og loggføre aktiviteten din. Dette kan du gjere hjå sykletiljobben.no, eller via applikasjonane Strava eller Endomondo. Applikasjonene kan du laste ned via Appstore eller Google play.

Aksjonen går over 60 dagar. Både lag og enkeltdeltakarar vert premierte. "Sykle til jobben" trekker premiar med utgangspunkt i snittpoeng og minimumspoeng per veke. Du kan ikkje få meir enn 3 poeng per dag.

Ikkje berre sykkel

Anten det er sykkeltur, gåtur eller ei hard økt på treningsstudio kan du også delta! 

Les meir om "Sykle til jobben" her.