Skulestart Florø barneskole

Tannhelseteneste

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta, og for at innbyggerne får den lovpålagte tenesta dei har krav på.

Tannhelsetenesta gjev fri tannbehandling til barn og unge til og med det året dei fyller 18 år, til psykisk utviklingshemma og til eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie. Ungdom 19 - 20 år betaler 25 prosent av behandlingskostnadane.

Klinikkane tek også imot vaksne, betalande pasientar i den utstrekning det er kapasitet til det.

I Flora kommune finn du den offentlege tannhelseteneta i Hamregata 6, 2. etasje (Kleiven Fargehandel held til i 1. etg.) Opningstid 08.00 - 15.00, Telefon 57 74 66 80, Postboks 1064, 6909 Florø.