Seglbåt med jente

Tannhelse

Du har rett på fri tannbehandling hjå den offentlege tannhelsetenesta frå du har motteke heimesjukepleieteneste, bu- og miljøteneste eller institusjonsteneste i 3 mnd. Dersom du ynskjer å nytte tilbodet, må tannklinikken få melding med ditt samtykke og opplysningar om kva medikament du brukar, då dette har ein del å seie for tannhelsa di.

De kan søkje om fri tannbehandling ved å nytte søknadsskjemaet under Sjølvbetjening i høgre marg. Ved å krysse av samtykkeerklæringa som fylgjer med får tannklinikken tillatelse til å hente inn opplysningar om kva medikament du brukar.

Ta kontakt med Pleie- og omsorgstenesta på telefon 57 75 65 00 for meir informasjon.