Seglebåt med jente

Tid for brunsnigledugnad! (Hageavfall ikkje gratis lenger)

brandsøy
Stasjon: Brandsøy
evja
Stasjon: Evja
røde_kors
Stasjon: Røde Kors-bygget
torvmyrane
Stasjon: Torvmyrane skule
ungdomsskulen
Stasjon: Flora ungdomsskule

Flora Hagelag og kommunen går saman den 8.mai og arrangerer snigledugnad igjen. Denne gongen vert det stasjonar rundt i byen der kvar enkelt kan hente ein porsjon sniglemiddel. Det vert berre stasjonar i Florø og Brandsøy. Dei som bur i Eikefjord, på øyane eller i grendene kan ta kontakt via grendalaget for å avtale henting av sniglemiddel.

Informasjon om kvar og når kjem etter kvart. Fylg med på Facebook: Det kostar 20 kr. pr. husstand. Pengane som vert samla inn går til organisasjonar og skuleklassar som legg ut sniglemiddel på offentlege områder. 

Det vert som i fjor nytta Nemaslug som bekjempingsmiddel. Dette er nematodar som gjer at snigelen føler seg mett og uvel og gøymer seg vekk og døyr. Sidan brunsnigelen er kannibal vil den ete sine døde artsfrendar, og slik verte smitta. Nematoden er ikkje farleg for andre dyr.  

Her får du utdelt sniglemiddel tysdag 08. mai

Denne gangen prøver ein ny variant for utlevering og set opp fem stasjonar for henting av ferdigblanda åte. Vi står på stasjonane mellom klokka 18:00 og 21:00.

Stasjonane finn du her: (Sjå blå runding på kart for plassering i høgre marg)

  • Ungdomsskulen
  • Rødekors-bygget 
  • Evja 
  • Torvmyrane skule 
  • Brandsøya

Betaling med Vipps: 20 kroner pr. husstand kan vippsast Flora Hagelag på 129203.

Gratis levering av hageavfall

Som ein del av snigledugnaden, og for å førebygge spreiing av svartelista planteartar som t.d. parkslirekne, har vi ein avgrensa periode med moglegheit for gratis levering av hageavfall. Denne perioden varer frå no fram til 15. juni eller til det er blitt levert inn 10 tonn. 

OBS! Det er ikkje lenger mogleg å levere hageavfall gratis. Dette fordi det har allereie blitt innlevert 10 tonn avfall.