Båtar på hamna

Tidsfristar

Tidsfristen for alle oppmålingssakersaker utført etter matrikkelova er 16 veker.

Vinterforskrifta for Flora Kommune vart den 4.8.2011 kunngjort i Norsk Lovtidend.
 
Dette tyder i praksis at tidsfriste for ein oppmålingssak ikkje løpar i perioden 15. november til 15. april ( jamfør Vinterforskrifta).
 
Forskrifta er som følgjer:
 
Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning i
Flora
kommune (Vinterforskrift).
Fastsett av Flora bystyre den 14.06.2011 med heimel i ”Forskrift om eigedomsregistrering”
(Matrikkelforskifta) av 26.06.2009, nr 864, § 18 tredje ledd.
§ 1 Føremål
Føremålet med forskrifta er å utsette fristen for gjennomføring av oppmålingsforretningar i
vinterhalvåret.
§ 2 Utsett frist for gjennomføring av oppmålingsforretning
Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd løpar ikkje i perioden 15.
november til 15. april.
§ 3 Iverksetjing
Denne forskrift trer i kraft same dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend