hamnebasseng langt

Tilbod om styrke- og balansegruppe for eldre

Fysio- og ergoterapiavdelinga skal starte opp igjen med styrke- og balansegruppe for eldre i regi av kommunale fysioterapeutar.

Kriterier for deltakelse i gruppa:

  • Heimebuande
  • Du som ynskjer rullator eller arbeidsstol for første gong
  • Opplever endra/ fall i funksjon
  • Går mindre ute/ generelt
  • Vere motivert
  • Må kunne forholde seg til avtaler
  • Må kunne ta instruksjon
  • Må kunne delta i gruppesamanheng

Stad: Treninga går føre seg på treningsrommet på dagavdelinga på Flora omsorgssenter.

Treningstider: Gruppetrening startar opp 05.03.19, og det blir trening kvar tysdag og torsdag frå kl. 11.00 til 12.00 for gruppe 1, og 12.30 til 13.30 for gruppe 2 i 10 veker.

Eigendel for deltaking: Det blir eigendel for å delta i gruppe jf. forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi, eigendelstak 2. Per 01.01.19 er eigendelen på kr 97 per time. Frikort til brukar vil bli sendt automatisk frå HELFO når taket på eigendel er nådd, per i dag kr. 2085,-.

Transport: Deltakar må i utgangspunktet kome seg til og frå treninga sjølv. Det vert tinga drosje til dei som treng det gjennom pasientreiser og deltakar må betale eigendel etter eigendeltak 1.

Alle aktuelle kandidatar blir individuelt vurdert og kartlagt med utvalde kartleggingsvertøy før og etter gruppestart. Deltakarane vil også få eit eige informasjonsskriv om det å vere med på gruppetrening.

Send tilvising/ PLO-melding til Fysio- og ergoterapiavd. og/ eller oppmode brukar om å ta kontakt og melde si interesse til:

Leni Myklebust, sekretær, telefonnummer: 95 71 00 60.