Skulestart Florø barneskole

Tilskot til tilpassing av bustad

Dersom du har nedsett funksjonsevne kan du søkje om tilskot til små eller store ombyggingar og tilpassingar av bustaden din. Kommunen kan hjelpe deg med alternativa som finst for å finansiere tilpassing av bustaden din.

Tenesteomtale

Det finst både låne- og tilskotsordningar som kan gjere det mogeleg å finansiere tilpassing av bustaden din.
Du kan for eksempel trengje å tilpasse inngangen slik at den passar for rullestol, eller du trengjer å byggje om større delar av bustaden din. Kommunen kan hjelpe til med å finne fram til dei høva som passar for deg.

Målgruppe

  • Personar med funksjonsnedsetjing.
  • Eldre som ønskjer å utføre førebyggjande tilpassingstiltak.

Kriterium/vilkår

Økonomien din vil ha tyding for om du kan få tilskot til tilpassing av bustad.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar

Husbanken

Lover

Sjå spesielt § 15 i bustøttelova.

Bustøttelova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Tilskot til tilpassing blir søkt i den kommunen du bur i. Kommunen kan hjelpe deg å fylle ut søknaden.

Vedlegg

Vedlegga går fram av punkt 8 i søknadsskjemaet.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.

Tjenesten oppdatert: 08.01.2020 14:20