Skulestart Florø barneskole

Tilskotsordning til anlegg for idrett og friluftsliv

Kvart år fordeler Kulturdepartementet ut spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunane. Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal medverke til ein infrastruktur som gir folk høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten.

Det skal søkast på ordninga gjennom kommunen. Det er eit vilkår for å kunne søke at anlegget er innarbeidt i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. I Flora er dette heimla i Kommuneplanen sin samfunnsdel og handlingsprogram for anlegg for fysisk aktivitet. 

Elektronisk søknadsskjema finn du her.

Dette må du hugse på når du skal søke om spelemidlar; 

Førehandsgodkjenning
Nye søkarar må sende inn søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planar jmf. punkt 2.5 i Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2011. Førehandsgodkjenninga må vere godkjend før arbeidet på anlegget startar. Godkjenninga er ikkje søknaden om spelemidlar, og er heller ikkje ein garanti for tilskot. Søknaden om førehandsgodkjenning er ein del av søknaden om spelemidlar. Søknaden sendast til kontakt adresse nedanfor. 

Anleggsnummer
For å kunne opprette ein søknad gjennom det elektroniske søkesystemet på www.anleggsregisteret.no må anlegget vere registrert, og ha eit anleggsnummer. Nye søkarar må derfor ta kontakt for å opprette dette i god til før søknadsfrist.  

Fornying av søknad
Søknadar som er sendt inn tidlegare må fornyast kvart år. Gå inn på www.anleggsregisteret.no og tast inn referansenummer frå sist års søknad. Minner om at endringar i kostnadsoverslag og finansieringsplan må oppdaterast kvart år. Ta kontakt dersom de manglar referansenummer. 

Innhald i søknaden
Dette blir grundig gjennomgått i «Bestemmelser om tilskud til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2018». Søkarane har ansvar for å sette seg inn i desse. Det vil bli gjennomført kurs i korleis ein skriv søknadar kvar vår. Det er ein god idè å starte prosessen tidleg. 

Søknadsfrist 15.oktober
Søknadar som er sendt etter frist blir ikkje vurdert. Ettersending av dokumentasjon skjer berre etter avtale med sakshandsamar.

Sjå også Årshjul.

Ansvar for sakshandsaming av tilskotsordningar for spelemidlar til idretts- og friluftsanlegg, planarbeid for idrett og friluftsliv og kontakt med lag og organisasjonar: 

Kulturkonsulent Morgan Stavøstrand, e-post: morgan.stavostrand@flora.kommune.no. Tlf. 483 51 672.