Seglbåt med jente

Tilskotsordning til anlegg for idrett og friluftsliv

Kvart år fordeler Kulturdepartementet ut spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunane. Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal medverke til ein infrastruktur som gir folk høve til å drive både eigenorganisert aktivitet og aktivitet i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten.

Det skal søkast på ordninga gjennom kommunen. Frist for å søke spelemidlar til 2020 i Flora/Kinn kommune er nå satt til 10. oktober, 2019.

Det er eit vilkår for å kunne søke at anlegget er innarbeidt i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. I Flora er dette heimla i Kommuneplanen sin samfunnsdel og handlingsprogram for anlegg for fysisk aktivitet. 

(Elektronisk søknadsskjema finn du her: Anleggsregisteret.no.

Dette må du hugse på når du skal søke om spelemidlar; 

Førehandsgodkjenning er avvikla
Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planar har nå blitt avviklet jmf. punkt 2.4.2 i dokumentet ''Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet-2019'' utgitt av Det Kongelige Kulturdepartementet

(se link: https://www.regjeringen.no/contentassets/3b11076ff1204acca5d9c9d680e57ab8/v-0732-b_2019-bestemmelser-om-tilskudd-til-anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet---2019-.pdf)

Dette er erstattet med vilkår om at anlegget skal ha riktig utforming og funksjonalitet for å kunne få tilskot. Målsatte tegninger av anlegget må vedleggast.

Anleggsnummer
For å kunne opprette eller fornye ein søknad gjennom det elektroniske søkesystemet på www.anleggsregisteret.no må anlegget vere registrert, og ha eit anleggsnummer. Nye søkarar må derfor ta kontakt for å opprette dette i god til før søknadsfrist.

Fornying av søknad
Søknadar som er sendt inn tidlegare må fornyast kvart år. Gå inn på www.anleggsregisteret.no og tast inn referansenummer frå sist års søknad. Minner om at endringar i kostnadsoverslag og finansieringsplan må oppdaterast kvart år med riktig dokumentasjon. Ta kontakt dersom de manglar referansenummer. 

Innhald i søknaden
Dette blir grundig gjennomgått i «Bestemmelser om tilskud til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2019». Søkarane har ansvar for å sette seg inn i desse. Det har komt en del forandringer i årets utgave av dokumentet. Det er ein god idè å starte prosessen tidleg. 

Søknadsfrist 10.oktober
Søknadar som er sendt etter frist blir ikkje vurdert. Ettersending av dokumentasjon skjer berre etter avtale med sakshandsamar.

Ta kontakt! 

Ansvar for sakshandsaming av tilskotsordningar for spelemidlar til idretts- og friluftsanlegg:

Kulturkonsulent Morgan Stavøstrand, e-post: morgan.stavostrand@flora.kommune.no, tlf. 483 51 672.