Båtar på hamna

Tilskotsordningar

Nedanfor følgjer ei rekke tilskotsordningar, desse er i hovudsak retta mot frivillige organisasjonar. Der ikkje anna er oppgitt går søknadar direkte til utbydarane. Klikk på namnet på ordninga for å få meir informasjon om ordningane, kven som kan søke og kva ein kan søke støtte om. 

Kunst og kultur

Kulturminnetiltak
Ulike kulturminnetiltak, gjennom Riksantikvaren og nokre tilfelle fylkeskommunen. Ta kontakt med desse instansane i god til før frist. 
Søknadsfrist 15. januar.

KOMP
Støtteordning for opplæring og kompetanseheving innan dei rytmiske sjangrar.
Søknadsfrist 15. desember.

Musikkutstyrsordningen
Formålet er å sikre tilgang til gode øvingslokale over heile landet, og gode tekniske vilkår for framføring av rytmisk musikk.
Søknadsfrist 1. mars og 1. september.

Andre støtteordningar Norsk kulturråd
Norsk kulturråd har ein rekke søknadsordningar innan visuell kunst og kunsthandtverk, musikk, scenekunst, barne- og ungdomskultur, kulturvern og litteratur.
Løpande søknadsfristar.

Allment kulturarbeid/ frivillig arbeid

Fylkeskommunale kulturmidlar

Føremål med ordninga er å hjelpe til å fremje eit aktivt og allsidig kulturliv i fylket (allment kulturarbeid). Ved tilskot vert det lagt særleg vekt på kulturaktivitet til barn og unge.
Søknadsfrist 1. mars.

Kulturmidlar
Flora kommune delar kvart år ut tilskot til kulturføremål. Ved tildeling av midlar vil godt gjennomarbeidde kultur- og idrettsprosjekt med fokus på barn og unge bli prioritert framfor driftstilskot. Midlane (totalt kr 300.000) blir fordelt av levekårsutvalet i mai.
 

Mangfald og inkludering
Barne og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubber, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø kan søke tilskot til mangfald og inkludering. Formålet er å stimulere barn og unge til å vise at mangfald er eit positivt element i samfunnet, bidra til auka kunnskap om mangfald, holdningar og deltaking i lokalmiljø, og utvikle og vidareformidle nye metodar og aktiviteter for inkludering.
Søknadsfrist: 1. mars, 1. juni og 1. oktober.

Frifond
Frifond skal gi barn og unge moglegheit til å drive dei aktivitetane dei sjølv ønskjer, uavhengig av økonomi og geografi. Frifond ønskjer å vere ein enkel og ubyråkratisk støtteordning.
Ingen søknadsfrist.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu, og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald trivsel og utvikling.
Søknadsfrist 1. mars og 1. september, samt fortløpande søknadsfrist på forenkla ordning.

Fysisk aktivitet/ folkehelsetiltak

Norges idrettsforbund
NIF har ein rekke støtteordningar for idrettslaga, både til innkjøp av utstyr, aktivitetsmidlar og helse og rehabiliteringstiltak.
Ulike søknadsfristar.

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Midlar til bygging og rehabilitering av nærmiljøanlegg og idrettsanlegg.
Søknadsfrist 1. september.

Gjensidigestiftelsen
Midlar til tiltak med mål om for å skape et tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn.

 

Andre ressurssider

På fleire av desse sidene finn de både oversikt over støtteordningar og kurs, samt anna informasjonsmateriale.

Brak.no
Interesseorganisasjon for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Musikk.no
Norsk musikkråd, eit samarbeidsnettverk og interesseorganisasjon for musikklivet i Norge.

Legatsiden.no

LNU.no
Norges barne- og ungdomsorganisasjonar

Frivillighetnorge.no
Eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar i Norge.

Frivillighetsregisteret
Er organisasjonen din medlem av frivillighetsregisteret kan den ta i mot grasrotandel og dessutan få momskompensasjon.