Ytteroyane

Tiltak mot spreiing av CWD blant hjortedyr

Vi fekk ei ny forskrift i juli 2016: «Forskrift om midlertidige tiltak for å begrense spredning av Chronic Wasting Disease (CWD)». Føremålet med forskrifta er å avgrense spreiing av Chronic Wasting Disease (CWD) mellom hjortedyr.

Kort samanfatta gir dette følgjande endringar for dei som arbeidar med vilt og viltforvaltning (samt jegerar, hjorteoppdrettarar og andre):

  • Det er innført forbod mot luktestoff frå hjortedyr: Det er no ulovleg å bruke, importere, selje og kjøpe luktestoff frå hjortedyr som kjem frå land med CWD.
     
  • Forbod mot å leggje ut fôr og saltslikkestein for hjortevilt i delar av landet (gjeld ikkje på inngjerda område). Forbodet gjeld i følgjande fylker: Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland, Buskerud (det er ikkje forbod mot å leggje ut saltslikkestein til sau, geit og storfe). Mattilsynet oppmodar om å samle inn allereie utlagt fôr og saltslikkesteinar meint for hjortevilt.
     
  • Det er ikkje lov å flytte levande hjortedyr over fylkes- eller landegrenser (ein kan søkje Mattilsynet om tillatelse).
     
  • Mattilsynet må varslast ved døde / sjuke / trafikkskadde / trafikkdrepte hjortedyr. Desse skal, i størst mogleg grad handterast slik at smittespreiing vert unngått og prøvetakast med tanke på CWD. Dyr som prøvetakast skal destruerast, eventuelt vente på prøvesvar før det går til humant konsum, dyrefôr etc.

Meir informasjon

Miljøkommune.no - rettleiing til kommunar om sykdommen CWD
Mattilsynet.no - kartlegging av Chronic Wasting Disease
Veterinærinstituttet - kjenneteikn CWD