Båtar på hamna

Tiltakstabell for vassdrag i Sunnfjord på høyring

Hovudmålet med Vassforskrifta er god økologisk tilstand og kjemisk tilstand i alle vassførekomstar. I vassdrag med moderat eller dårlig tilstand vert det foreslått avbøtande tiltak for å nå mål om god tilstand. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har karakterisert alle vassdraga, og opplyst kva slags påverknad det er på vassførekomstane. Tiltakstabellen for Sunnfjord viser alle vassdraga som har mindre en god tilstand, risiko og påverking.

Kommunar og sektorstyresmakter skal kome med framlegg på tiltak for å betre tilstanden i vassførekomstane til god, og prosjektleiar i Vassområde Sunnfjord har bedt om innspel både frå offentleg mynde og andre interessentar som lag og organisasjonar. Tiltaksanalyseplan rapport frå kvart vassområde i Sogn og Fjordane vil utgjere grunnlaget for forvaltningsplanen med eit tilhøyrande tiltaksprogram for vassregion Sogn og Fjordane. Disse dokumenta vert innan 1.7.14 lagt ut på høyring i 6 månadar. Fylkestinget vil vedta forvaltningsplanen og tiltaksprogrammet i 2015. Forvaltningsplanen vil få ein sentral godkjenning ved kongeleg resolusjon innan utgangen av 2015.

Vi ynskjer innspel frå alle interesserte og sender difor tiltakstabellen til lokal høyring i Sunnfjord i tida 15.11.-15.12.2013.

Viss du har nokon spørsmål eller kommentarar til tiltakstabellen eller vassførekomstar i Sunnfjord område, ta kontakt med:

Alana Shanks,
prosjektleiar for Sunnfjord vassområde,
alanashanks@forde.kommune.no
91594003