Båtar på hamna

Tiltakstenesta

Tiltakstenesta er eit gratis helsetilbod i Flora kommune. Vårt oppdrag er å fremme psykisk helse. Du treng ikkje henvisning. Har du eller nokon du kjenner ei utfordring eller spørsmål - ikkje nøl med å ta kontakt. Vi har ikkje ventelister - du får raskt ein avtale.

Vi har mange medarbeidarar med brei kompetanse som står til din disposisjon anten utfordringane dreier seg om relasjonar/familie, ulike psykiske problem, eller med alkohol/rus.

Tiltakstenesta held til i Sunnfjord medisinske senter, Hans Blomgate 39 i 3. etasje. Tenesteleiar er Anne Merete Ødven, tlf 99 53 24 09. Tiltakstenesta har åpningstid frå kl. 08:00 - 22:00 kvardager, og frå kl.10:00-17:00 laurdag og søndag. Ta kontakt på tlf  97 99 18 04, eller be legen din om å henvise deg. 

Tilbod i tiltakstenesta:

  • Fagteam rus
  • Fagteam psykisk helsevern 
  • Dagsenter rus
  • Dagsenter psykisk helsevern
  • Psykoedukasjon/meistringsgrupper
  • Salutogenetiske/samtalegrupper
  • Psykososialt kriseteam