Seglbåt med jente

Tobakksfrie skular og barnehagar

passivrøyk.jpg

Vern mot passiv røyking

Alle barn og unge fekk frå 1. juli 2014 rett til eit tobakksfritt miljø på skulen og i barnehagen. All tobakk, både røyk og snus, er forbode både inne og ute. Forbodet gjeld både kommunale og private institusjonar, inkludert familiebarnehagar.

Vernet mot passiv røyking er regulert i tobakksskadelova § 25, den såkalla «røykelova». Å røyke passivt vil seie å puste inn luft som er ureina av tobakksrøyk. Passiv røyking aukar risikoen for dei same sjukdomane som aktiv røyking. Du har rett til å puste inn røykfri luft på arbeidsplassen, institusjonar, offentlege transportmiddel og i lokale der allmennheita har tilgang, som t.d. kino, teater, serveringsstader, butikkar, offentlege kontor og skuler.

Frå 1. juli 2014 er høve til å opprette særskilte røykerom fjerna. Samtidig er det innført røykfrie inngangsparti til offentlege verksemder og private/offentlege helseinstitusjonar.