Skulestart Florø barneskole

Tolketeneste

Innvandrarsenteret formidlar tolkar til alle offentlege tenester i Flora kommune. Det er viktig at alle innvandrarar, asylsøkarar og flyktningar opplever å ha  ein forsvarleg kommunikasjon med offentlege tenester. Dette er også nedfelt i  forvaltningslova og pasientrettslova. Innvandrarsenteret har lagt vekt på at vi skal ha eit enkelt og brukarvennleg system for tolkeformidling. Målet er å unngå underforbruk av tolk.

Alle offentlege tenester som ønskjer tolk, kan ringe oss på telefon 57 75 66 60 og bestille telefontolk. Før de ringer må de ha klart kva slags språk de ønskjer tolking på, tid og stad for tolkeoppdraget og namnet på den tilsette som skal bruke tolken. Vi har f.t. avtale med tolkeformidlingsfirmaet Hero. Vi kontaktar så dette firmaet for bestilling. Når tolken er klar så får vi stadfesta oppdraget av Hero og vi får eit telefonnummer som tolken skal kontaktast på når tolkesamtalen skal finne stad. Desse opplysningane vidareformidlar vi tilbake til dykk. KF Innvandrarsenteret betaler for tolketenester som vert gjort i kommunal regi. Statlege/fylkeskommunale/private kontor/etatar, og privatpersonar, betaler tolkeutgiftene sine sjølve. 

Avbestilling som ikkje er gjort i vanleg arbeidstid dagen før, eller unytta bestilling, blir belasta med avtalt sum.

I einskilde tilfelle, og på nokre få språk, kan vi også formidle frammøtetolk. Spør etter frammøtetolk om de ønskjer at tolken skal vere fysisk til stades. Det er eigne prisar for dette.

Vi held også kurs i korleis bruke tolk riktig for tilsette i det offentlige og det private. Hugs at kvaliteten på tolkeoppdraget også er avhengig av deg som brukar. Om du ikkje kan å bruke tolk så kan det vere øydeleggande for å oppnå ein god tolkesamtale.