Båtar i havnebassenget

Totalforbod mot brenning er oppheva 16.02.2017

Flora brannvesen innførar totalforbod mot å gjere opp eld utandørs frå 13. februar.

Forbodet medfører at det ikkje er lov til å brenne i skog eller i nærleiken av skog og utmark. Det er heller ikkje lov til å grille eller brenne bål i strandsona. Hageavfall kan ein heller ikkje sette fyr på.

Alle innbyggarar har ei generell plikt til å vise aktsemd for å unngå brann, det er difor viktig at folk passar ekstra på når dei gjer opp eld utandørs, uavhengig av sesong eller forhold, og respekterer totalforbod.

Totalforbodet mot eld gjeld heilt til brannvesenet opphevar det.

Uforsiktig omgang med eld, som til dømes bålbrenning og grilling, er den hyppigaste årsaka til skogbrann.