Skulestart Florø barneskole

Totalforbodet mot utandørs eld er oppheva

Brannsjefen opphevar no totalforbodet mot å gjere opp eld utandørs.

Samtidig minnar han om faren som kan være med å gjere opp eld dersom det blir svært tørt igjen.
- Det kan bli aktuelt å innføre nytt totalforbud på kort varsel, så difor er det viktig å følge med på heimesida til kommunen om dette, seier brannsjef Magne Igland.

Einkvar pliktar å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann.  Det er forbode å gjere opp eld eller handsame brannfarlege gjenstandar utandørs under slike tilhøve eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt.

Det er i tidsrommet 15. april til 15. september forbode å gjere opp eld i eller i nærheit av skog og anna utmark uten løyve frå kommunen.
Husk alltid å informer om dette til Alarmentralen, telefon nr. 57 75 14 00.

- Dersom brenning kjem ut av kontroll kan du risikere å bli gjort erstatningspliktig for dei faktiske utgiftene til brannvesenet, avsluttar brannsjefen.