Skulestart Florø barneskole

Trafikkomlegging ved Florø barneskole - frå 4. november 2013

Sidan i sommar har det vore endra trafikkmønster ved Florø barneskole. Dette blir no permanent frå måndag 4. november. Som vedlegg til kunngjeringa følgjer kart som visar ny situasjon.

  1. Toveiskøyring
  2. Frisiktsoner. Parkering i konflikt med desse er tatt bort
  3. Parkering forbode
  4. Innkøyring forbode. Underskilt: Med unntak av bebuarane til husnr. 1, 2, 4 og 40A. Til orientering: Innkøyring her kostar 4200,- kroner i bot.
  5. Fysisk stengt med bom, med opning for gåande og syklande. Her er meininga å få opp ein elektrisk bom, slik at skulebussane kan sleppe gjennom. Denne vil kome i nær framtid.
  6. Parkering forbode langs sjukehuset. Det er lov å stoppe og sette av barn som skal til skulen.
  7. 30-min parkering (Allègata og Markegata). Her kan foreldre som skal følgje barn til skulen la bilen stå i opptil 30 min.
  8. Busstopp for skulebussar. Pila viser gangvegen gjennom parken opp til skulen. Tilbakemelding frå Firda Billag i haust er at dette er ei dårleg og farleg løysing. Inntil vidare vil difor bussane hente barna (etter skulen og til svømming) ved sjukehuset (6). Bommen i Hans Blomgata skal byttast ut med ein elektrisk fjernstyrt bom, som berre skal sleppe gjennom bussane.

På grunn av byggearbeid på SMS er der stengte fortau og gangfelt. Dette fører til farlege situasjonar, og kommunen er i dialog med Statens Vegvesen om å finne betre løysingar her.

Intensjonen bak planen er å få mindre trafikk ved skulen og gjere skulevegen tryggare for barna. Vi ber foreldra om å følgje planen og vise omsyn.

Sjå vedlagt situasjonskart her.